FRINGE-REVIEW:

The Life Sporadic of Jess Wildgoose Voloz Collective

☆☆☆☆

Skrevet av Kjersti Wøien Håland, forfatter

I «The Life Sporadic of Jess Wildgoose» møter vi Jess, ei kvinne full av idealisme om den frie marknaden, som no flyttar til New York for å finne sin plass i finansverda. Trua hennar på marknaden tar likevel ikkje bort frå at ho er dyktig, og ein kan spørje seg kven som eigentleg verkar mest naiv i miljøet ho jobbar så hardt for å tre inn i. Jess kjem nemleg til New York i tida før finanskrisa i 08.

Førestillinga køyrer i gang som fysisk komedie med høgt tempo, og held det gjennom timen vi tilbringar med Jess og dei mange karakterane ho omgir seg med på sin reise i New York. Med speleglede, humor, detaljrikdom og meta-referanser går timen saman med Voloz Collective fort. Fysisk teater som form er avhengig av eit samkøyrt ensemble da skodespelarane både er karakterar, scenografi og rekvisittar. Her er det både leikent og samkøyrt. Det høge tempo kan gjere dramatiske vendingar brå på ein bevisst måte som vekker latter, andre gonger kan det kjennes for brått då vi skal inn i meir dystre scener. Dei samfunnsmessige konsekvensane av spelet i finansverda får så vidt trenge gjennom, og det kunne kanskje gitt ei sterkare kontrast dersom det fekk berre littegrann meir plass.

Forteljestilen er tydeleg og er ei kjelde til humor. I tillegg kan ein reflektere rundt korleis form og innhald spelar saman. Det er grep som bruk av forteljar, referansar til filmar, eller det fysiske teateret som heilhet som gir ei djupare klangbotn heller enn ei emosjonell reise. Som ein karakter på eit tidspunkt seier er pengar «historia vi alle trur på». Wall Street treng at vi trur på dei på lik linje med andre fortellingar. Men her blir vi heile tida mint på at historia om Jess er ei fortelling, og at det er det økonomiske systemet også.

Denne førestillinga anbefalast om du vil le og bli underhaldt av eit energisk og leikent ensemble, og reflektere rundt pengar og kva det eigentleg betyr å gi seg hen til akkurat den fortellinga.

Fire stjerner. 

Foto: Marius Mandal