FRINGE-REVIEW:

Tipsy Ibsen: En Folkefiende

☆☆☆☆☆

Skrevet av Ragnhild Vassbotn

Du skulle kanskje ikkje tru det, men Tipsy Ibsen klarar igjen å bevise at dei to urnorske nasjonalskattane, som dei sjølv kallar det, Henrik Ibsen og halvliteren gir publikum ei hysterisk morosam oppleving.

Dette er forestillinga for deg som trur at Ibsen er noko gammaldags og kjedeleg, men som tør å bli motbevist! Frå første tone i “kjenningsmelodien” serverer ensembelet akkurat det dei har lova; tidenes cocktail av stødig leverte linjer frå det klassiske skodespelet, ispedd eit godt stykke impro-teater når alkoholen tek over for dei innøvde replikkane, og som attpåtil er blanda med ein deilig dose humor og musikk frå sidelinja. 

Skodespelarane er kvikke i replikken og alle på scena har ei upåklageleg kontakt med publikum gjennom heile stykket. Likevel tar til tider alkoholen kanskje litt overhand og skuggar over kor gode skodespelarane eigentleg er, noko som er synd. Det vert også vanskeleg å henge ordentleg med i historia i det originalet stykket som tross alt ligg til grunn. Ibsen og halvliteren passar godt saman, og det er difor viktig å passe på at den eine ikkje får overskugge den andre for mykje. Samtidig er det tydeleg at publikum, trass dette, ikkje ønskjer mindre alkohol på scena då dei ivrig etter kvar akt ropar “øl!” når det blir spurt om det utkåra fulle skodespelaren skal få servert dette eller eit glas med vatn.

Alt i alt er dette ei forestilling du bør få med deg - og gjerne fleire gonger. Tipsy Ibsen serverer aldri cocktailen heilt lik, men den kjem likevel alltid med lattergaranti for publikum. Her er det altså berre å legge frå seg alt du trur du veit om Ibsen, slenge nedpå ein halvliter, og bli med på moroa!

5 av 5 stjerner

Foto: Marius Mandal